Innhald
Tekst blir handtert i tekstverktøyet. Dette verktøyet lager eit nytt lag med teksten over det aktive laget i lagdialogvindauget. Storleiken på tekstlaget blir bestemt av tekstboksen. Namnet på laget blir henta frå byrjinga av teksten.
Figur 9.1. Eksempel på bruk av tekstelement
Tekst med synlege kantar rundt tekstlaget. (Skrifttype: Utopia Bold)
Lagdialogen med tekstlaget over det tidlegare aktive laget.
Tekstverktøyet er forbetra litt etter kvart. I GIMP-2.8 kan du nå redigere teksten direkte på lerretet. Ein tekstverktøyboks er nå lagt til lerretet over tekstboksen.
Når du klikkar på biletet med tekstverktøyet, blir det opna ein lukka tekstboks med ein halvgjennomsiktig verktøyboks like over denne.
Innstillingane for tekstverktøyet er omtalt i Del 6.6, “Tekst”.
I normalinnstillinga er boksen «dynamisk» og du kan byrje å skrive inn med ein gong. Tekstboksen vil auke i takt med tekstmengda. Trykk tasten Enter for å legge inn eit linjeskift.
Du kan også forstørre tekstboksen ved å klikke og dra slik du gjer det med utvala. Når du gjer dette, vil boksmodus bli «Fast». Også her bruker du tasten Enter for å lage ei ny linje.
For å redigere tekst må du først markere den delen du vil redigere ved å klikke og dra, eller bruke Shift + piltast og deretter bruke innstillingane for Del 2, “Boksen for tekstverktøyet”.
I staden for å redigere direkte på biletet, kan du bruke Del 6.6.4, “Tekstbehandlaren”.
Du kan flytte teksten ved hjelp av flytteverktøyet. Du må klikke på ein bokstav, ikkje på bakgrunnen.
Du kan setje inn Unicode-teikn med Ctrl + Shift + U og deretter skrive inn unicoden i hexadesimal form. Sjå meir om dette i Del 6.6.4, “Tekstbehandlaren”.
Du kan redigere teksten seinare dersom tekstlaget framleis finst og ikkje er endra med andre verktøy. Sjå nedanfor. Dette gjer du ved å gjere tekstlaget til det aktive laget i lagdialogen, velje tekstverktøyet og klikke på teksten i biletvindauget.
Du kan gjere det same med eit tekstlag som du kan gjere med andre lag, men mister i noen tilfelle høvet til å kunna redigera vidare på teksten.
For å forstå noe av det særeigne med teksthandteringa, kan det vere til litt hjelp å hugsa på at tekstlaget inneheld meir informasjon enn bare det du kan sjå. Laget inneheld også ei utgåve av teksten i eit format som kan høve til redigering. Dette blir synleg i redigeringsvindauget som dukkar opp når du bruker tekstverktøyet. Kvar gong du gjer endringar i teksten, blir tekstlaget teikna om for å vise endringane dine.
Dersom du gjer endringar i tekstlaget med andre verktøy enn tekstbehandlaren, for eksempel at du roterer laget, vil desse endringane forsvinna dersom du redigerer teksten igjen. Difor dukkar det opp ei åtvaring om dette dersom det er aktuelt slik at du kan velja anten å redigere teksten likevel, eller å la det vere. Dessutan får du tilbod om å lage eit nytt tekstlag for den nye teksten.
Sidan denne faren ikkje er opplagt, vil tekstverktøyet verna deg. Dersom du prøver å redigere ein teklst i eit tekstlag som er forandra, vil det kome opp ei melding om at endringane vil bli tilbakeførte dersom du held fram. Du får tre val:
å rediger teksten likevel
å avbryte
å opprette eit nytt tekstlag med den same teksten som i det eksisterande laget, med det eksisterande laget uendra.
Du får fram denne menyen ved å høgreklikke på teksten. Menyen er litt ulik den du finn i tekstbehandlaren.
Klipp ut, Kopier, Lim inn, Slett er bare tilgjengelege når teksten er markert. Er ingen tekst markert, vil dei vere gråa ut. «Lim inn» blir aktivert når det er tekst i utklippstavla.
Opna tekstfil opnar ein filutforskar slik at du kan leite etter den ønskte tekstfila.
Tøm vil slette all tekst anten han der merka eller ikkje.
Bane frå tekst. Dette valet oppretter ein bane frå omrisset av teksten. Tilsynelatande skjer ingen ting. For å gjere opprettinga ferdig, må du opne banedialogen og gjere banen synleg. Deretter må du klikke på teksten med baneverktøyet for å lage omrisset om til ein bane. Nå kan du forandre utsjånaden på bokstavane ved å flytte kontrollpunkta.
Denne kommandoen tilsvarar
→ i menylinja.Dette valet er tilgjengeleg bare dersom det finst ein bane i biletet. Når teksten er ferdigredigert, oppretter eller importerer du ein bane og gjer denne aktiv. Dersom du legg til banen før du legg inn teksten, vil banen vere usynleg og du må bruke banedialogen for å gjere han synleg.
Denne kommandoen er også tilgjengeleg frå lagmenyen:
Figur 9.4. Kommandoen «Tekst langs bane» mellom dei andre tekstkommandoane i lagmenyen
Denne gruppa er synleg bare dersom det finst eit tekstlag i biletet.
Klikk på knappen banedialogen. Innstillingane for baneverktøyet blir gjeldande også for denne nye banen.
for å legge teksten langs banen. Teikna (bokstavane) blir viste bare med omrisset. Kvart teikn blir gjort om til ein del av den nye banen som blir vist iVTH / HTV. Dette bestemmer om teksten skal skrivast frå venstre mot høgre eller få høgre mot venstre.
Innskrivingsmetode. Dette valet er tilgjengeleg bare for ein del språk. For eksempel dersom du vel «Inuktitut» vil tastaturet bli temporært omgjort til Inuktitut.